Talet på tømmingar vil bli lagt til grunn for det du betaler for renovasjonstenesta. Vi registrerer ikkje vekta på behaldaren, berre det at han blir tømt.
I samband med innføring av dataregistrert bosstømming vil vi også ta i bruk ein ny prismodell. Denne skal stimulere til økt kjeldesortering. Dei som har lite restavfall skal betale mindre enn dei som har mykje avfall og må tømme oftare.
Fast og variabel pris
Grunna hygieniske og helsemessige årsaker, må behaldaren helst setjast ut ein gong i månaden. Ut over dette velgjer du sjølv om du vil sette han ut kvar veke, eller sjeldnare.
Den nye prismodellen byggjer på ein fast og ein variabel del. Kostnaden for kjeldesortering vert gjort synleg ved å knyta ein fast kostnad på kr 257,50 til papir og kr 107,50 til plast. Prisen for innsamling og handsaming av restavfallet vert delt i ein fast og ein variabel del i forholdet 40/60. Den faste kostnaden på kr 1 076,25 omfattar andre felleskostnadar. Dette er eksempelvis kostnader knytta til drift av gjenvinningsstasjonar og returpunkt i nærmiljøet. Den variable delen av prisen kan du sjølv påverke etter kor mange gonger du set behaldaren med restavfall ut til tømming - ut over 6 tømmingar per halvår (dvs.12 tømmingar i året).
Den nye prismodellen gir eit minimumsgebyr for tømming av ein vanleg bossbehaldar på kr 1 816,25 for det enkelte hushaldet per år. I tillegg betaler du kr 31,25 for kvar gong behaldaren blir tømt utanom dei 6 tømmingane som er inkludert per halvår. Prisen for det vi legg til grunn for gjennomsnittleg bruk er kr 2 253,75 per år. I denne prisen er det lagt til grunn 26 tømmingar av restavfall. Med dette vil renovasjonsgebyret halde seg lågt og stabilt.
Innsamling av plast og papir på same hentedag
Papirbehaldaren set du som før ut ein gong i månaden. Same dag kan du setje ut ein eller fleire sekker med plastemballasje. Vi gjer merksam på at papir og plast blir henta av to ulike bilar, til ulike tidspunkt. Hugs derfor å setje ut bosset før 6.30 om morgonen. Når du sorterer ut papir og plastemballasje erfarer du at restavfallsmengda går kraftig ned. Dette medfører at du kan setje ut restavfallsbehaldaren sjeldnare.
Sjekk at restavfallsbehaldaren din har fått databrikke på seg, og at han høyrer til din eigedom. Har han ikkje det, må du ta kontakt med kundesenteret vårt på tlf. 815 33 030. Frå 1. januar 2009 vil vi ikkje tømme behaldarar utan databrikke.
Les mer:
Ingen ny gebyrmodell i Bergen
Renovasjonspriser - OBS nye priser fra 2010