BIR logo Tekststørrelse A A A | BIR logo English| Kontakt oss| Selskaper i BIR| Ledige stillinger| Presse |
 Kundesenter  for husholdning: 815 33 030
 Kundesenter  for næring: 55 27 70 50
   OM BIR-KONSERNET
   DATTERSELSKAP
   BIRS ANLEGG
   INFORMASJONSMATERIELL
   PRESSE
Du er her: Skip Navigation LinksBIR.no > BIR-konsernet > Bos til attvinning 
 
Bos til attvinning 
25.01.2006   
Debattinnlegg i Os og Fusaposten. Av Gisle Njaastad, Informasjonskonsulent i BIR AS. 

Trulto, Anne-Margrethe Matre Hjemdal og andre osingar ser ut til å uroa seg over at det ikkje er orden på mottakssida for avfallet frå hushalda i BIR. I BIR vert opp mot 80 prosent av boset attvunne, så vi i BIR ser ikkje heilt grunnlaget for denne uroa.

 

I artikkelen ”Bos til besvær” i Os & Fusaposten onsdag 18. januar, etterlyser Trulto med fleire betre ordningar for kjeldesortering, og viser til USA og Drangedal.

 

I Drangedal har dei eit framifrå renovasjonstilbod som få andre kommunar i Noreg kan visa maken til. BIR arbeidar for å tilby kundane miljøriktige tenester, mellom anna arbeidar vi no med å få i gong eit prøveprosjekt for henting av plast heime hjå hushalda. Men BIR må tilpassa hentesystema til forholda, og eit tilbod som i Drangedal vil verta svært vanskeleg og dyrt å innføra i heile BIR.

 

Når det gjeld mottakssida, så er den største skilnaden mellom Drangedal og BIR at ein i Drangedal legg restavfallet på deponi, medan restavfallet i BIR vert energiattvunne.

 

I fjor hadde BIR ei samla attvinningsgrad for avfallet frå hushalda på opp mot 80 prosent, jamt fordelt mellom material- og energiattvinning. Til samanlikning er det nasjonale målet ei attvinningsgrad på 75 prosent innan 2009. Energiattvinning og materialattvinning er sidestilte av miljøstyresmaktane.

 

Energiattvinningsanlegget i Rådalen har den best utprøvde teknologien som var å oppdriva då anlegget vart bygt i 1999. Her vert energien i restavfallet nytta til å produsere strøm og varme. Både Haukeland Universitetssjukehus og Bergen Storsenter med fleire, vert varma opp av energien frå avfallet. Det er direkte misvisande å kalla noko av den nyaste teknologien for energiattvinning i Europa for gammaldags.

 

Vi vil elles nytte høve til å minne om at lyspærer og batteri kan leverast gratis til butikkar som sel slike varer. Butikkar som sel elektriske og elektroniske artiklar er pliktige å ta imot slik avfall gratis.  

 

Malingsspann og terpentin er farleg avfall, og skal ikkje i restavfallet. Det kan leverast gratis til mottak for farleg avfall som er plassert ved Shell-stsjonen på Os. Nøkkel får du hjå beteninga på stasjonen.

   
   
    Print     Mail

Relatert informasjon

Kontakt oss | Telefon: 815 33 030 | Faks: 55277701

Besøkadresse: Conrad Mohrs vei 15

Postadresse: BIR AS, Postboks 6004 Postterminalen, 5892 Bergen